Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

16:00 - 18:00 -4 ° 0 mm

18:00 - 00:00 -4 ° 0 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

I 2018 får alle kundar i Luster automatisk straummålar

I 2018 vil det bli utrulling av automatiske straummålarar i Luster kommune. Desse målarane vil registrere straumforbruket på timesbasis og overføre det automatisk til Luster Energiverk sitt system. Me håpar at kunden ser nytte av det slik at det blir ein bevisstgjering av forbruket som kundane har. OneCo Elektro AS er samarbeidspartnaren vår på montasje og vil ta kontakt med kvar enkelt kunde for tidspunkt for målarbyte. Utrullinga vil etter planen begynne på Hafslo i februar 2018 og om alt går etter planen vil montasjen vere ferdig i juli 2018. 

Utrullingsplanen vil vere slik: 

21/2-18: Hafslo, Solvorn og Indre Hafslo

26/3-18: Gaupne - Luster

23/4-18: Skjolden, Fortun og Sørsida

14/5-18: Leirdalen,Vigdalen, Jostedalen og Veitastrond

Alle desse datoane er tidlegast oppstartsdato. 

 

Alle kundar skal ha fått tilsendt informasjonsbrosjyre og eit følgjebrev i posten. Om du ikkje har fått det kan du ta kontakt med kundesenteret på e-post: firmapost@lusterenergiverk.no eller tlf: 57682900. Du kan også laste det ned i pdf-format ved å trykke her

Skrive av Erlend fredag 22 desember 2017
Tilbake