Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

16:00 - 18:00 -4 ° 0 mm

18:00 - 00:00 -4 ° 0 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Informasjon om anleggsbidrag

Kostnader i samband med nødvendige utbyggingstiltak i straumnettet for tilknyting av nye kundar eller forsterking av nettet for auka uttak til eksisterande kundar, må dekkast av den som utløyser utbyggingstiltaket, i form av eit anleggsbidrag.

Materiell, arbeidstimar, innkjøp av eksterne tenester og graving, er eksempel på kostnader som er med i berekningsgrunnlaget for anleggsbidrag.
Om kunden stiller krav til utføring som går ut over Luster Energiverk sin standard utføring, må kunden sjølv dekke dei ekstra kostnadane dette medfører.

Ved usemje mellom netteigar og kunde i saker vedkommande anleggsbidrag, vil NVE fungere som kontrollmynde. Kunde kan klage inn enkeltvedtak til NVE. 

 

Anleggsbidrag består av to deler

Kundespesifikke kostnader, normalt er dette berre knytt til stikkleidningar og inntaksskap på vegg.

Ein del av kostnader for felles anleggsdeler. Dette omfattar nettstasjon inklusiv transformator og brytaranlegg, høgspenningsforbindelsar, lågspenningsforbindelsar og fordelingsskap.

Kunden og nettselskapet samarbeider om grøfter og kabellegging. Dersom kunden ynskjer, kan det avtalast at kunden tek seg av grøftegraving. Som hovudregel blir kabel lagt i fellesgrøft, saman med anna infrastruktur, som vatn, kloakk og tele. Høvevis del av grøftekostnadar vert då delt mellom alle som nyttar grøfta.

I tillegg kjem eventuelle framskundingskostnader. det vil seie meirkostnader ved å reinvestere i nettet før restlevetid eller last auken tilseier at komponenten uansett må fornyast.

Effektbehovet er dimensjonerande når vi bygger nettanlegg. Kostnadane for felles anleggsdeler deler ein difor mellom kundane i forhold til kor stor del av kapasiteten kvar enkelt kunde legg beslag på.

 

Botnfrådrag
Luster Energiverk praktiserer ikkje botnfrådrag.

 

Fakturering

Kunden får framlagt ein kalkyle på kva anleggsbidraget forventast å bli før anlegget vert byggt. Anleggsbidraget blir fakturert evt. med akonto og endeleg når dei reelle kostnadane med utbygginga ligg føre. Anleggsbidraget blir fakturert utan meirverdiavgift.

 

Eigarskap, drift og vedlikehald
Sjølv om anlegget er heilt eller delvis finansiert med anleggsbidrag, vil anlegget vere Luster Energiverk sin eigedom og underlagt nettselskapet sitt drift og vedlikehaldsansvar. dette inneber også at nettseskapet vil koste all framtidig vedlikehald og reinvesteringskostnader for anlegget.

 

Meir informasjon om anleggsbidrag

Luster Energiverk sine retningslinjer for anleggsbidrag

 

Kontaktinformasjon til NVE finner du her: http://www.nve.no/

 

Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer