Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

16:00 - 18:00 -4 ° 0 mm

18:00 - 00:00 -4 ° 0 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Leveringsplikt

Nettselskap har leveringsplikt til kundar som vert ståande utan gyldig kraftleveringskontrakt. Dette kan skje viss kraftleverandøren din legg ned si verksemd, vert ekskludert frå den norske sluttbrukarmarknaden, eller om din noverande kraftleverandør seier deg opp som kunde grunna til dømes misleghald. Etter energilova pliktar nettselskapet ditt å levere deg straum fram til du får teikna kraftleveringsavtale med ny kraftleverandør.

Kraftprisen nettselskapet kan ta for ei slik leveringspliktig leveranse, er regulert med ein maksimalpris dei seks første vekene. I denne perioden kan nettselskapet maksimalt setje kraftprisen lik spotprisen på den nordiske kraftbørsen med eit påslag på opptil 5 øre/kWh, eksklusiv avgifter. 

Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) oppfordrar alle som vert overført til leveringspliktig leveranse, om snarast å velge ein kraftleverandør som leverer kraft i din kommune.

Forbrukerrådet har ei prisoversikt på:http://www.strompris.no som syner kva kraftleverandørar som tilbyr kraft i din kommune.

NVE har eit standardskriv til deg som ikkje har valt kraftleverandør. Les standardskrivet her

NVE har meir informasjon om kraftmarknaden. Dette finn du på:http://nve.no/no/Kraftmarked Her finn du også informasjon om korleis du kan inngå ordinær kraftleveringsavtale med ein av kraftleverandørane i din kommune.