Kompensasjon for straumbrot
Luster Energiverk sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar. Satsen er 600 kroner dersom ein kunde er utan straum i 12 - 24 timar, og beløpet blir høgare dersom straumen er borte meir enn eitt døgn.
Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har innført ordninga.
For å få utbetalt kompensasjon etter eit langvarig straumbrot skal kunden sende inn krav til Luster Energiverk AS. Her må kunden opplyse om kva kontonummer kompensasjonen skal betalast inn på.
Satsane for utbetalingar er:
- kr 600 frå 12 til 24 timar
- kr 1 400 frå 24 til 48 timar
- kr 2 700 frå 48 til 72 timar
- + kr 1 300 for kvar påbegynt 24-timars periode
Dersom straumen kjem og går, vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot.