Forbrukarrådet og EnFo har oppretta ei Elklagenemnd som kan handsame saker som gjeld avrekning av straumforbruket, skade på elektriske apparat på grunn av unormal spenning, tilknytingsavgifter og anleggsbidrag m.m. Nemnda skal ikkje handsame spørsmål om pris og tariffar. 

Dersom du vil klage, må du først vende deg til energiverket. Blir vi ikkje samde, kan du anten vende deg til det lokale Forbrukarkontor eller direkte til Elklage-nemnda. Norges Vassdrags- og Energidirektorat er klageinstans for over-føringstariffar.