Tiltak for å betre Eltryggleiken

Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE) 
DLE arbeidar for å auke eltryggleiksarbeidet i Luster kommune ved å :

Spør først - grav sidan! 
Alle er ikkje kjend med kvar det er nedlagt jordkablar. Dei som ønskjer graving, må difor ta kontakt med energiverket minst 2 dager før gravestart. Me vil påvise kablane før arbeidet tek til. Ved kryssing og nærføring av kablar skal alltid kablane avdekkast med handgraving. Reparasjon av kabelskade kan føre til store kostnader som må dekkast av den som påfører skaden. I tillegg kan ein også bli kravd erstatning frå kundar som vert utan straum i kortare eller lengre tid. 

Skulle kablar bli påført skade under gravearbeid utan at det oppstår brot eller andre ulemper i straumforsyninga, må dette meldast til energiverket straks. Ein ubetydeleg skade kan lett utvikle seg seinare og føre til store kostnader. 

Skader - Ulukker 
Oppstår det skade som skuldast feil anten på installasjonen eller forbruksapparat, må dette meldast til oss og eventuelt til forsikringsselskapet ditt. Personskade skal også meldast til energiverket. 

Feilmeldingar 
Feilmeldingar må meldast snarast mogeleg til Energiverket 
Kontortid: måndag - fredag kl. 07.30 til kl. 15.00 -tlf. 57 68 29 00. 
Utanom kontortid: - tlf. 57 68 29 11 

Direktoratet for brann- og eltryggleik (DBE) 
Direktoratet for brann- og eltryggleik skal føre tilsyn med eltryggleiken i 1,7 millionar bustader og rundt 600 000 verksemder, 1 600 skip og 40 offshoreinstallasjonar, og det elektromedisinske utstyret ved rundt 100 større helseinstitusjonar og 8 000 enkle helseinstitusjonar. 

Elektrisitet er eit av dei få produkta som i seg sjølv representerer fare, berre å røre leiarar som fører spenning er livsfarleg. Likeins kan feil i elektriske anlegg og elektrisk utstyr eller feil bruk føre til brann. Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr har som formål å verne menneske, dyr og eigedom mot slike farar. 
Direktoratet forvaltar eltryggleiken i heile verdikjeda frå produksjon, distribusjon og bruk av elektrisitet til bruk av elektrisk utstyr i yrkeslivet og heime. 

Meir Informasjon får du hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)