Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

20:00 - 00:00 8 ° 0.5 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Kva er det lokale Eltilsyn?

DLE er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerhet og tilsyn. Verksemda er underlagt Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB), men høyrer økonomisk og administrativt inn under Luster Energiverk AS.

 

Elsikkerhetsarbeidet som DLE er pålagt å utføre, inndeles i fylgjande områder:

  • Kontroll av elektriske installasjonar og utstyr i private bustadar, samt informasjon om sikker bruk av elektrisitet.
  • Kontroll med omsetning av elektrisk utstyr for å sikre at det utstyr som omsettes oppfyller gjeldande sikkerhetskrav.
  • Kontroll og oppfølging av elektroinstallatørenes arbeid i vårt forsyningsområde.
  • Kontroll og oppfølging av verksemder med elektromedisinsk utstyr.
  • Revisjon og verifikasjon av den delen av internkontrollen som gjeld det elektriske anlegget i verksemder.
  • Informasjon- og opplysningsverksemd i skular, lag og foreningar.
  • Bistå politi i brannetterforskning

Det er viktig at du som eigar/brukar av elektriske anlegg er klar over at du er ansvarlig for at det er i orden. Du må sjølv sørge for dokumentasjon på dette.

Ved å bruke og etterleve denne sjekklista, reduserer du faren for brann betrakteleg:

1. Skru sikringane godt til, og kjenn etter varmgang på ledningar.

2. Kontroller at døra til sikringsskåpet er lukka.

3. Reingjer filteret i vifta over komfyren på kjøkkenet.

4. Trekk støpsel ut av termostatstyrte elektriske apparat etter bruk.

5. Bruk vaskemaskin og tørketrommel kun når du er heime og vaken.

6. Reingjer lo-filter i tørketrommel før kvar bruk.

7. Ikkje utfør arbeid sjølv som krev autoriserte fagfolk, bruk elektroinstallatør.

8. Kontroller at det ikkje vert brukt for sterke lyspærer i lampar.

9. Bruk ikkje lause lampar og frittståande varmeovnar på barnerom eller i rom der det er lause husdyr.

10.Slå av TV med AV/PÅ-bryter.

11.Kjenn etter varmgang på støpsel når desse apparata er i bruk:

  • Vaskemaskin/tørketrommel
  • Varmtvannstank
  • Komfyr
  • Varmeovner