Din energipartner
Mi side

Målaravlesing

Søk i nettstaden

Vêrvarsel for Gaupne

20:00 - 00:00 8 ° 0.5 mm

Værvarsel fra Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skriv ut denne siden

Eltryggleik-tips

Tiltak for å betre Eltryggleiken

  • Hugs å trekke støpsel ut av stikkontakten på alle termostatstyrde husholdningsapparat (kaffetraktar, brødristar med meir.)etter bruk.
  • Slå av TV, video, radio osv. om natta eller når huset står tomt, å bare bruke fjernkontrollen er ikkje nok.
  • Unngå overdreva bruk av dobbeltstøpsler, skjøteledning osv.
  • Bruk ikkje sterkare lyspære i ein lampe enn den er berekna for.
  • Fjern lause lamper og frittståande varmeomnar frå barna sine rom.
  • Fjernsyn, kjøleskap, fryseboksar og ein del andre apparat utviklar varme. Sørg for god luftsirkulasjon rundt apparata.
  • Bruk ikkje elektriske varmeomnar til tørking av tøy. Hold gardiner og møbler i god avstand frå omnene.
  • Når du kjøper elektrisk utstyr, les bruksanvisninga og bruk utstyret som beskreve. Gammalt elektrisk utstyr kan være særs brannfarlig og bør kontrollerast ofte.
  • Eigar og bruker har plikt til å halde elektriske installasjonar og elektrisk utstyr i forsvarleg stand, slek at de til einkvar tid er i forskriftsmessig stand.
  • Bruk ikkje "hobbyelektrikar", men autoriserte elektroentreprenørar, det gjeld liv og helse.

Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE) 
DLE arbeidar for å auke eltryggleiksarbeidet i Luster kommune ved å :

  • Informere våre kundar om bruk og vedlikehald av elektrisk anlegg og utstyr, og om årsaker til brann og ulukker forårsaka av elektrisk straum.
  • Utføre stikkprøvekontroll av elektriske anlegg og utstyr i private bustader.
  • Kontrollere at føretak som omset elektrisk utstyr gjer dette i samsvar med lover og forskrifter, og at det utstyr som tilbys har eit akseptabelt tryggleiksnivå.
  • Kontrollere at installatørar som monterer anlegga har nødvendig kompetanse og rutinar for å utføre dette på ein trygg måte.
  • Kontrollere/informere alle typar føretak om nødvendigheita av å ta eltryggleik med i sine interne kontrollrutinar for på den måten å trygge sikkerheita til dei tilsette og redusere materielle skadar.
  • Kontrollere og følgje opp alle institusjonar/føretak som nyttar elektromedisinsk utstyr i sitt daglege virke, for på den måten å trygge sikkerheita både for pasientar og pleiepersonell. Informere skular, lag og organisasjonar om eltryggleik.

Spør først - grav sidan! 
Alle er ikkje kjend med kvar det er nedlagt jordkablar. Dei som ønskjer graving, må difor ta kontakt med energiverket minst 2 dager før gravestart. Me vil påvise kablane før arbeidet tek til. Ved kryssing og nærføring av kablar skal alltid kablane avdekkast med handgraving. Reparasjon av kabelskade kan føre til store kostnader som må dekkast av den som påfører skaden. I tillegg kan ein også bli kravd erstatning frå kundar som vert utan straum i kortare eller lengre tid. 

Skulle kablar bli påført skade under gravearbeid utan at det oppstår brot eller andre ulemper i straumforsyninga, må dette meldast til energiverket straks. Ein ubetydeleg skade kan lett utvikle seg seinare og føre til store kostnader. 

Skader - Ulukker 
Oppstår det skade som skuldast feil anten på installasjonen eller forbruksapparat, må dette meldast til oss og eventuelt til forsikringsselskapet ditt. Personskade skal også meldast til energiverket. 

Feilmeldingar 
Feilmeldingar må meldast snarast mogeleg til Energiverket 
Kontortid: måndag - fredag kl. 07.30 til kl. 15.00 -tlf. 57 68 29 00. 
Utanom kontortid: - tlf. 57 68 29 11 

Direktoratet for brann- og eltryggleik (DBE) 
Direktoratet for brann- og eltryggleik skal føre tilsyn med eltryggleiken i 1,7 millionar bustader og rundt 600 000 verksemder, 1 600 skip og 40 offshoreinstallasjonar, og det elektromedisinske utstyret ved rundt 100 større helseinstitusjonar og 8 000 enkle helseinstitusjonar. 

Elektrisitet er eit av dei få produkta som i seg sjølv representerer fare, berre å røre leiarar som fører spenning er livsfarleg. Likeins kan feil i elektriske anlegg og elektrisk utstyr eller feil bruk føre til brann. Lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr har som formål å verne menneske, dyr og eigedom mot slike farar. 
Direktoratet forvaltar eltryggleiken i heile verdikjeda frå produksjon, distribusjon og bruk av elektrisitet til bruk av elektrisk utstyr i yrkeslivet og heime. 

Meir Informasjon får du hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)